Sedum rosea

From Farmasihistorie
Jump to navigation Jump to search
Rhodiola rosea, synonym
sedum rosea:
  1. norsk: rosenrot, bergbukk, fjellkrans, kalvedans
  2. dansk: almindelig rosenrod
  3. islandsk: burnirót, blodrót, svæfla
  4. svensk: rosenrot, systerrot, kalvdans, takgull, fjällkaktus, smörbukk
  5. engelsk: roseroot, golden root, Aaron´s rod, King´s crown, arctic root, orpin rose
  6. tysk: Rosenwurz
  7. fransk: rhodiola
  • Crassulaceae, bergknappfamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: jordstengel, rotstokk, blad og stengel.
  • Bruk: prydplante / mat / medisin.
  • Ikkje klassifisert som legemiddel i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Rosenrot har vist seg å ha eigenskapar som tilsvarar verknaden av ginseng, ja, det er dei som påstår at rosenrot overgår ginseng når det gjeld gode eigenskapar. Rosenrot vert rekna som eit rasktverkande adaptogen, det vil sei at rota raskt aukar kroppens allmenne tilpassingsevne og dermed motstandskrafta. Rota minskar utskiljinga av stresshormon og er blodtrykks- og blodsukkerregulerande, kolesterolsenkande, regulerar kaliumkonsentrasjonen i blodet, betrar oksygenopptaket og verker generelt styrkande, er prestasjonsaukande, hjartestimulerande, smertestillande, urindrivande og skal verna mot kreft. Rosenrot er ellers ein kraftig antioksidant og rekna som eit antidepressivt middel og eit afrodisiakum.

Utvortes

Å vaska håret med rosenrotavkok, eller å gni inn hårbotnen med ein olje som inneheld rosenrotekstrakt, skulle både gje god hårvekst og eit velluktande hår. Rosenrot var kjent som et hudvernande middel, og ein graut av havremjøl og rosenrot vart brukt på forstuvinger og liknande. Bruk av rosenrot som sårmiddel er òg kjent. På Island, Grønland og Færøyene vart friske, opphakka røter blanda med smør og brukt som salve på sår. For å dempe revmatiske smerter vart oppmalen rosenrot pakka inn i eit stykke lintøy, varma opp og lagd på dei vonde stadane. Carl von Linné omtalte rosenrota som eit astringerende (sammentrekkjande) middel som kunne brukes til behandling av brokk, utflod, hysteri og hovudverk.

Rosenrot som mat

Rosenrot har òg vore brukt til mat, både i Norge og andre nordlege strøk. Rota vart kokt og blanda i gryterettar, eller blada vart etne direkte. Frå Nord-Norge kjenner vi til at rosenrot også har vore brukt som dyrefôr. Det var særleg i vårknipa rosenrot vart nytta som naudfôr, nettopp på den tida av året då skjørbuken herja som verst. Rosenrot utmerkar seg ved å vera ei av dei tidlegaste vårplantene på kysten og var i tillegg så vanlig at ho kunne nyttast i større målestokk.

Litteratur

  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag AS, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Høeg, Ove Arbo: Planter og tradisjon, Oslo, Bergen, Tromsø, Universitetsforlaget 1974. ISBN 82-00-08930-4
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungquist, Kerstin: Nyttans växter, Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7