Allium victorialis

From Farmasihistorie
Jump to navigation Jump to search
Allium victorialis
  1. norsk: sigersløk, seiersløk, alpeløk
  2. svensk: segerlök
  3. engelsk: victory onion, Alpine leek, Alpine broad-leaf allium
  4. tysk: Allermannsharnisch, Siegwurz-Lauch, Siegwurz, Bergknoblauch, Sigmarslauch, Schlangenwurz
  5. fransk: ail de cerf, ail de la Sainte-Victoire, ail serpentin
  • Alliaceae, løkfamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: heil plante, rot, frø, plantesaft.
  • Bruk: prydplante / mat / krydder / medisin
  • Ikkje klassifisert som legemiddel i legemiddelverkets urteliste.
  • I urtehagen er sigersløken truleg komen inn som "blindpassasjer".


Eigenskapar etter tradisjonen

Det er mykje mogeleg at det var vikingane som tok sigersløken med seg heim. Kanskje tykte dei om den vakre og hardføre planten og vart kjende med bruken som mat og eller medisin? I Norge er sigersløken iallfall ei innførd plante som med tida har etablert seg med enkelte få, ville koloniar. På 1920-talet vart han funnen i hagar og ved kyrkjer i Lofoten, særleg på Vestvågøy, der han har hatt namnet amerikaløk. Sigersløken er elles funnen i Asker, Indre Hardanger og Fauske.

Det er sagt at sigersløk har mange av dei helsebringande eigenskapane til kvitløken. I ei eldre tysk medisinplantebok er sigersløken nemnd som eit viktig innslag i husapoteket hos urtekyndige fjellbønder. Blada vart nytta som grønsak, og sjølve løken vart brukt på same måte som kvitløk, sjølv om han er noko bitrare i smaken. Løk og friske blad vart lagde i 80% alkohol, og den filtrerte tinkturen vart brukt som eit blodreinsande middel.

Det vert fortalt at ein i Sverige meinte planten var eit verksamt middel mot hogg og slag og mot allslags vonde makter. Sigersløken vart tillagd dei same kreftene som alrunen og vart seld både som erstatning for og som forfalska alrune. Turka rot vart nytta som ein lukkebringande amulett.

Sigersløk skulle verne mot alt vondt og er også nemnd i nordiske svartebøker. Ved å bere den på seg vart ein usårleg, både i krig og når det galdt annan fåre. Sigersløken skulle også verna mot vonde ånder. For å halda dei underjordiske borte, vart løken lagd i vogga til små barn. Også buskapen fekk vern av sigersløken som for eksempel kunne leggast under fjøsdøra for å halda uynskte krefter borte.

Rotstokken er brukt medisinsk ved urineringsvanskar, halsinfeksjonar, kolikk og fordøyingsproblem. Dessutan skulle sigersløken kunna kurera både tannverk og ormebit.

Mange stader vart den trevlete slira kring løken brukt for å få blodet til å stansa ved snittsår. Sigersløk har også hatt sin plass i veterinærmedisinen. I eldre tider var sigersløk ei apotekvare.


Litteratur

  • Grey-Wilson & Blamey / Faarlund & Sunding: Teknologisk forlags store illustrerte flora, Oslo, Teknologisk Forlag, 1992. ISBN 82-512-0355-4
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Mossberg, Bo og Stenberg, Lennart: Gyldendals store nordiske flora, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag, 2014. ISBN 978-82-05-42485-2
  • Åsen, Per Arvid: Norske klosterplanter, Kristiansand, Portal forlag. 2015. ISBN 978-82-8314-037-9