Allium ursinum

From Farmasihistorie
Jump to navigation Jump to search
Allium ursinum
Allium ursinum

Ursus / ursinus / ursinum = bjørn

Vi ser nedanfor, at "rams" går att på mange språk. Dette er eit eldgammalt ord få eller ingen i dag kjenner opprinneleg tyding av. Ivar Aasen skriv i 1873 at Rams = Skovløg, Bjørneløg.

  1. norsk: ramsløk
  2. dansk: ramsløg
  3. svensk: ramslök
  4. engelsk: ramsons, buckrams, wild garlic, bear´s garlic, broad-leaved garlic
  5. tysk: Bärlauch, Ramser, Ramsel, Hexenzwiebel, Wurmlauch, Zigeunerlauch
  6. fransk: ail des ours, ail des bois
  • Alliaceae, løkfamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: heil plante, frø, plantesaft.
  • Bruk: mat / krydder / medisin
  • Ikkje klassifisert som legemiddel i legemiddelverkets urteliste.
  • Eigenskapar etter tradisjonen
  • Mykje til felles med kvitløk og annan løk: Appetittvekkjande, matmeltingsfremjande, driv galle, urin og innvollsorm, er feber-, blodtrykk-, blodsukker- og kolesterolsenkande, antiastmatisk, slim- og krampeløysande, roande, svakt sømndyssande og smertelindrande, betennelsesdempande, antiseptisk, bakterie- og sopphemmande, reinsar blod og hindrar åreknutar og blodproppar.

Utvortes

Betennelsesdempande og sårheilande, smertestillande, avkjølande, mjukgjerande og sopphemmande, brukt fersk ved fotsopp, munnsår, vondt i munn og hals. Som grautomslag på giktiske ledd, på infiserte sår og ved andre hudproblem.

Litteratur

  • Aasen, IvarNorsk Ordbog med dandsk Forklaring, Oslo, Fonna Forlag, reprod. av 1873-utgåva, 1983. ISBN 82-513-0029-0
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-496-0158-0
  • Christophersen, Ansof Wyller: I Ansofs urtehage, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag A/S, 1988. ISBN 82-05-17660-4
  • Forlaget Det Beste: Ville planter i Norge, Oslo, Det Beste A/S, 1993. ISBN 82-7010-231-8
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Høeg, Ove Arbo: Planter og tradisjon, Oslo, Universitetsforlaget, 1976. ISBN 82-00-08930-4
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5
  • Tosco, Uberto: Piante aromatiche e medicinali, Torino, Edizioni Paoline, 1989. ISBN 86-215-0864-1
  • Treben, Maria: Helse fra Guds apotek, Wilhelm Ennsthaler Verlag, Steyr, 1993. ISBN 3-85068-391-5