Allium schoenoprasum

From Farmasihistorie
Jump to navigation Jump to search
Frå venstre: allium schoenoprasum / allium cepa

Allium schoenoprasum

Schoenóprasum, latinifisert gresk, løkvekst med sivliknande blad.

  1. norsk: grasløk
  2. islandsk: graslaukur
  3. dansk: purløg
  4. svensk: gräslök
  5. engelsh: chives
  6. tysk: Schnittlauch, Graslauch, Binsenlauch, Schnittling, Brislauch
  7. fransk: ciboulette, civette, chiboulette, brelette
  • Alliaceae, løkfamilien, fleirårig.
  • Gammal klosterplante.
  • Brukte plantedeler: blad, bladsaft og blomst.
  • Bruk: krydder / medisin / magi
  • Er ikkje med i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Makkdrivande, mageregulerande og urindrivande, smertestillande og svakt roande.

Utvortes

Betennelsesdempande og sårheilande, smertestillande, avkjølande, mjukgjerande og sopphemmande, brukt ved fotsopp, munnsår, vondt i munn og hals. Plassert rett i tannholet fekk ein hjelp ved tannverk, friske blad til massasje lindra gikt. På byllar og betente sår virka knust / tygd grasløk som trekkplaster og "drog ut det vonde".

Rå grasløk var nyttig ved "fullskap", gav "lyst til kvinner" og hjelpte ved hard mage. Tatt med vin var grasløken god mot hoggormbit og mot "alskens gift". Grasløk hadde òg evna til å halda vonde ånder og vette borte, det var nok å ha ei potte med grasløk ståande innandørs.

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Christophersen, Ansof Wyller: I Ansofs urtehage, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag A/S, 1988. ISBN 82-05-17660-4
  • Corneliuson, Jens: Växternas namn, Stockholm, Wahlström & Widstrand 1997. ISBN 91-46-17679-9
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Danske Klosterurter, Aschehoug Dansk Forlag A/S, 2001. ISBN 87-11-16243-0
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter fortæller historie, Forlaget Kongsvang, 1997. ISBN 87-984854-8-2
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5