Allium porrum
- Allium porrum
- norsk: purre, purreløk
- dansk: porre
- svensk: purjolök
- engelsk: leek
- tysk: Lauch, Porree, Breitlauch, Winterlauch, Fleischlauch
- fransk: poireau, porreau, poirée, poirette
- Alliaceae, løkfamilien, toårig.
- Brukte plantedeler: blad og bladskjedar.
- Mat / krydder / medisin
- Ikkje tatt med i legemiddelverkets urteliste.
- Eigenskapar etter tradisjonen
- Løyser slim og opnar luftvegar, driv urin-, sveitte- og galle, virkar antiseptisk, er bakterie- og soppdrepande, virkar kolesterolsenkande, blodåreutvidande og er krampeløysande. Er giftig for innvollsparasittar.
Utvortes
Grautomslag av kokt purre på byllar og betente sår trekte ut "vondskapen". Omslag av fersk purre modna svullar, så dei kunne skjerast. Knust eller toggen purre vanleg middel mot soppsjukdommar som fotsopp og ringorm, eller på insektsstikk.
Purre har eigenskapar som vi meir eller mindre uttalt finn att hjå mange andre slektningar i løkfamilien, der allium sativum, kvitløk, er den aller fremste representanten når det gjeld verdifull og potent medisinsk verknad.
I det gamle Egypt var purre ei heilag plante, å sverja ved purren var likeverdig med å sverja ved ein av guddommane.
Litteratur
- Biggs, McVicar, Flowerdew: The complete book of vegetables, herbs & fruit, London, Kyle Cathie Ltd. 2004.
ISBN 1-85626-571-4
- Farmer-Knowles, Helen: The Garden Healer, London, Gaia Books, 2007. ISBN 978-1-85675-279-4, ISBN 1-85675-279-8
- Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
- Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
- Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5
Du bør aldri bruka informasjon frå Internett, inkludert Famasihistorie.com, som einaste kjelde til avgjerder eller tiltak i helsemessige spørsmål. Ved legemiddelspørsmål bør du konsultera apotek eller lege, ved helsespørsmål relevant autorisert helsepersonell, og ved dyresjukdom bør du kontakta veterinær. Bruk aldri reseptbelagte legemiddel utan råd frå lege! Søk råd på apoteket ved bruk av reseptfrie legemiddel og naturmiddel, spesielt om du også brukar reseptpliktige medikament. Bruk av fleire legemiddel samtidig kan ha utilsikta effekt.
Achillea millefolium · Aconitum napellus · Agrimonia eupatoria · Alchemilla vulgaris · Allium cepa var. viviparum · Allium fistulosum · Allium porrum · Allium schoenoprasum · Allium ursinum · Allium victorialis · Althaea officinalis · Anethum graveolens · Angelica archangelica · Armoracia rusticana · Artemisia abrotanum · Artemisia absinthium · Artemisia dracunculus · Asparagus officinalis · Calendula officinalis · Centaurea montana · Chenopodium bonus-henricus · Colchicum autumnale · Echinacea purpurea · Hemerocallis lilioasphodelus · Hyssopus officinalis · Iris pseudacorus · Lavandula officinalis · Ledum palustre · Leonurus cardiaca · Malva sylvestris · Melissa officinalis · Mentha spicata · Meum athamanticum · Myrrhis odorata · Origanum vulgare · Petroselinum crispum · Peucedanum ostruthium · Plantago major · Polemonium caeruleum · Pulmonaria officinalis · Ranunculus aconitifolius · Salvia officinalis · Sambucus nigra · Saponaria officinalis · Sedum rosea · Sempervivum tectorum · Veratrum album · Veronica officinalis