Angelica archangelica

From Farmasihistorie
Jump to navigation Jump to search
Angelica archangelica

Archangélica, erkeengelen si plante

  1. norsk: kvann, kvannjol, jol
  2. dansk: kvan, angelik
  3. islandsk: ætihvônn
  4. svensk: fjällkvanne, ängelört, angelika
  5. engelsk: angelica, archangel, holy ghost
  6. tysk: Engelwurz, Erz-Engelwurz, Garten-Angelika
  7. fransk: angélique, archangélique, anguélique vraie
  • Apiaceae (Umbelliferae), skjermplantefamilien, to- eller fleirårig.
  • Gammal klosterplante.
  • Brukte plantedeler: rot, blomst, frø, heil plante.
  • Bruk: mat / krydder / medisin.
  • Ikkje klassifisert som legemiddel i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Kvann inneheld m.o.a. aroma- og bitterstoff og stimulerar appetitt, magesaft og menstruasjon, lindrar hoste og driv slim, urin og sveitte, senkjer feber, hemmar bakterier og sopp, reinsar blod og er generelt desinfiserande. Primært hjelper kvann på plager knytte til fordøyingssystemet, virkar bakteriedrepande i mage/tarm og aukar syreproduksjonen. Kvann røykt i pipe gav desinfiserande røyk. Kvannrot mellom tennene, som ein pusta gjennom, var eit mykje brukt middel mot pestsmitte. Kvann var ei av dei få medisinplantene som vart eksportert frå Norden til resten av Europa. Kvann vart òg mykje nytta som matplante , mest på same måten som rabarbra, og som smakstilsetjing. Kvannsmaken vart rekna som god av våre forfedre, dette har gjerne endra seg noko. Kvann er framleis hovudsmaksstoff i dei franske likørane Benediktiner og Chartreuse og i den norske St. Hallvard likøren. NB! Kvann bør ikkje brukast av gravide, personar med diabetes (inneheld druesukker) eller som har problem med sår i mage og tarm (aukar syreproduksjonen). NB! Kvann er fototoksisk, dvs. at ein kan få eksem og sår om det kjem sollys på hud med spor av plantesaft.

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Christophersen, Ansof Wyller: I Ansofs urtehage, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag A/S, 1988. ISBN 82-05-17660-4
  • Corneliuson, Jens: Växternas namn, Stockholm, Wahlstrøm & Widstrand, 2ooo. ISBN 91-46-17679-9
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Grünwald/Jänicke: Grüne Apotheke, München, Gräfe & Unzer Verlag, 2004. ISBN 978-3-7742-6464-0
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Lunden, Jens: Medisinske urter - Naturens legende planter, Oslo, Teknologisk Forlag A/S, 1982. ISBN 82-512-0213-2
  • Manson, Arvidh: Den herlige urteboken fra 1628, Oslo, Kolibri forlag, 1998. ISBN 82-90478-90-9
  • McVicar, Jekka: Damms store bok om urter, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-04-09266-0
  • McVicar, Jekka: Den store boken om urter for kropp og sjel, Oslo, Hilt & Hansteen AS, 2002. ISBN 82-7413-350-1
  • National Geographic Society: Desk reference to nature´s medicine, Washington D.C. ISBN 0-7922-3666-1
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Danske Klosterurter, Aschehoug Dansk Forlag A/S, 2001. ISBN 87-11-16243-0
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter Fortæller Historie, Forlaget Kongsvang, 1994. ISBN 87-984854-8-2
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5