Alchemilla vulgaris
Alchemilla vulgaris
- norsk: marikåpe, marikjortel, Jomfru Maria kåpe, marimynte, løvefot, vasstakk, vassbjølle
- dansk: almidlelig løvefod, fruekjole, jomfruurt, Maria-kåbe
- islandsk: maríustakkur
- svensk: daggkåpa, daggskål
- engelsk: lady´s mantle, dewcup, our lady´s mantle, lion´s foot
- tysk: Frauenmantel, Gemeiner-Frauenmantel, Taumantel
- fransk: pieds de leonis
- Rosaseae, rosefamilien, fleirårig.
- Brukte plantedeler: blad, heil blomstrande plant.
- Bruk: fargeplante / medisinplante.
- Ikkje klassifisert som legemiddel l legemiddelverkts urteliste.
Eigenskapar etter tradisjonen
Menstruasjonsregulerande, livmorstyrkjande, mildt samantrekkjande, krampeløysande, stoppande (ved diaré), appetittaukande, febersenkande, betennelsesdempande, sårheilande og urindrivande.
Utvortes
Frisk pressa plantesaft eller knust urt på vanskelege sår og insektsstikk. Kjevla marikåpeblad vart òg brukte som sårbandasje, dei trekte ut verk, vart det sagt. Uttrekk mykje brukt som skyllemiddel for å unngå underlivsplager hjå kvinner og som omslag på sår og skadd hud.
Marikåpa kunne få ei skadd jomfruhinne til å gro og kunne letta ein fødsel og plagene etterpå, vart rekna som ei av dei viktige kvinneurtene.
Dropane på marikåpeblad er som regel eit sekret som planta sjølv skil ut. Dei vart rekna for å ha mystiske og magiske krefter som i tillegg til å kunna omdanna bly til gull, også vart hevda å vera kjelde til å attvinna ungdommen.
Som fargeplante gjev marikåpe ulike gulfargar, ved tilsetjing av jernsulfat vert det ymse gråfargar.
NB! Marikåpe bør ikkje brukast av gravide!
Litteratur
- Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
- Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
- Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
- Grieve, mrs. M.:A modern herbalMerchant Book Company Ltd, Surrey, revised ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
- Høiland, Klaus: Naturens legenede planter, Oslo, A/S Hjemmet, 1978. ISBN 82-7001-535-0
- Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
- Lunden, Jens: Medisinske urter - Naturens legende planter, Oslo, Teknologisk Forlag A/S, 1982. ISBN 82-512-0213-2
- McVicar, Jekka, Damms store bok om urter, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-04-09266-0
- Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
- Olesen, Anemette: Danske Klosterurter, Aschehoug Dansk Forlag A/S, 2001. ISBN 87-11-16243-0
- Olesen, Anemette: Lægeplanter fortæller historie, Forlaget Kongsvang, 1997. ISBN 87-984854-8-2
- Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
- Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5
- Treben, Maria: Helse fra Guds apotek, Verlag Wilhelm Ennsthaler, Steyr, 1993. ISBN 3-85068-391-5
Eksterne lenkjer
Du bør aldri bruka informasjon frå Internett, inkludert Famasihistorie.com, som einaste kjelde til avgjerder eller tiltak i helsemessige spørsmål. Ved legemiddelspørsmål bør du konsultera apotek eller lege, ved helsespørsmål relevant autorisert helsepersonell, og ved dyresjukdom bør du kontakta veterinær. Bruk aldri reseptbelagte legemiddel utan råd frå lege! Søk råd på apoteket ved bruk av reseptfrie legemiddel og naturmiddel, spesielt om du også brukar reseptpliktige medikament. Bruk av fleire legemiddel samtidig kan ha utilsikta effekt.
Achillea millefolium · Aconitum napellus · Agrimonia eupatoria · Alchemilla vulgaris · Allium cepa var. viviparum · Allium fistulosum · Allium porrum · Allium schoenoprasum · Allium ursinum · Allium victorialis · Althaea officinalis · Anethum graveolens · Angelica archangelica · Armoracia rusticana · Artemisia abrotanum · Artemisia absinthium · Artemisia dracunculus · Asparagus officinalis · Calendula officinalis · Centaurea montana · Chenopodium bonus-henricus · Colchicum autumnale · Echinacea purpurea · Hemerocallis lilioasphodelus · Hyssopus officinalis · Iris pseudacorus · Lavandula officinalis · Ledum palustre · Leonurus cardiaca · Malva sylvestris · Melissa officinalis · Mentha spicata · Meum athamanticum · Myrrhis odorata · Origanum vulgare · Petroselinum crispum · Peucedanum ostruthium · Plantago major · Polemonium caeruleum · Pulmonaria officinalis · Ranunculus aconitifolius · Salvia officinalis · Sambucus nigra · Saponaria officinalis · Sedum rosea · Sempervivum tectorum · Veratrum album · Veronica officinalis