Pulmonaria officinalis

From Farmasihistorie
Jump to navigation Jump to search

Pulmonaria officinalis

  1. norsk: lungeurt
  2. dansk: almindelig lungeurt
  3. svensk: lungört, fläcklungört
  4. engelsk: lungwort, lung moss, spotted comfrey, Jerusalem sage
  5. tysk: Lungenkraut, Lungenwurz, Fleckenkraut
  6. fransk: pulmonaire officinale
  • Boraginaceae, rubladfamilien, fleirårig.
  • Gammal klosterplante.
  • Brukte plantedeler: blad eller heil plante.
  • Bruk: prydplante / medisinplante.
  • Ikkje klassifisert som legemiddel i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Slimløysande og hostedempande, sveitte- og urindrivande, mjukgjerande og samantrekkjande, blodstillande og sårheilande, antibakteriell, betennelses- og irritasjonsdempande.

Utvortes

Direkte på sår og skader som blodstillande og sårheilande middel.

Lungeurt er eit eksempel på den i si tid mykje utbreidde signaturlæra, at ein ut frå utsjånad på ei plante skal kunna sjå kva plage ho kan hjelpa mot. Med litt velvilje kan eit flekkut lungeurtblad likna på ei sjuk lunge. At blomsterfargen kan skifta frå raudt via fiolett til mørkeblått, kunne tolkast som fargeskiftingane i blodet, om det var på veg frå eller til lungene.

Ei legende knytte jomfru Maria til flekkut lungeurt. Det vart sagt at ein gong ho amma Jesusbarnet, draup det mjølk på planta. Difor vart lungeurten òg rekna som ei av Mariaurtene.

I nyare tid rekna ein med at lungeurt kunne innehalda leverskadelege stoff sidan den nære slektningen valurt (Symphytom officinale) inneheld slike. Forskning har synt at dette ikkje er tilfelle.

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Biggs, McVicar & Flowerdew: The complete book of vegetables, herbs & fruit, London, Kyle Cathie Ltd. 2004. ISBN 1-85626-571-4
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Christophersen, Ansof Wyller: I Ansofs urtehage, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag AS, 1988. ISBN 82-05-17660-4
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs.M.: A Modern Herbal, Surrey, Merchant Book Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Høiland, Klaus: Naturens legenede planter, Oslo, A/S Hjemmet, 1978. ISBN 82-7001-535-0
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Lunden, Jens: Medisinske urter - Naturens legende planter, Oslo, Teknologisk Forlag A/S, 1982. ISBN 82-512-0213-2
  • McVicar, Jekka: Damms store bok om urter, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-04-09266-0
  • McVicar, Jekka: Den store boken om urter for kropp og sjel, Oslo, Hilt & Hansteen As, 2002. ISBN 82-7413-350-1
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Danske Klosterurter, Aschehoug Dansk Forlag A/S, 2001. ISBN 87-11-16243-0
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter fortæller historie, Forlaget Kongsvang, 1997. ISBN 87-984854-8-2
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5

Eksterne lenkjer

Vi

Vi har flere bilder trykk på lenken:
Pulmonaria officinalis.