Hyssopus officinalis

From Farmasihistorie
Jump to navigation Jump to search
Hyssopus officinalis
  1. norsk / svensk: isop
  2. dansk: isop, ægte isop
  3. engelsk: hyssop, azob
  4. tysk: Ysop, Isop
  5. fransk: hysope, hysope officinal, Ysope
  • Lamiaceae, leppeblomstfamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: blad, blomst, unge skot.
  • Bruk: prydplante / krydder / medisinplante / magisk plante " mot djevler, hekser og trolldom".
  • Ikkje klassifisert som legemiddel i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Universalmiddel, aromatisk, antiseptisk, løyser slim og kramper, stimulerar appetitt, fordøying, menstruasjon, urin og galle, hemmar sveitte og og er svakt roande, men aukar blodtrykket.

Hildegard von Bingen ( 1098-1179) skriv at isop hjelper ved nyre- og gallestein. Ho skriv òg, omsett frå tysk, Den som hostar og har leversmerter, og den som er kortpusta og har lungeplager bør ete isop, anten med kjøt eller flesk, og det vil gå vedkomande mykje betre.

Isop er tillagt ein magisk, reinsande effekt. Iallfall kring Middelhavet vart det nytta isop til å reinsa spedalske som var erklærte friske før dei fekk venda attende til samfunnet. Sjå òg 3. Mosebok, kap. 14.

Utvortes

Samantrekkjande og betennelseshemmande, brukt mot skabb, kløe, ringorm og andre hudsjukdommar.

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Biggs, McVicar & Flowerdew: The complete book of vegetables, herbs & fruit, London, Kyle Cathie Ltd. 2004. ISBN 1-85626-571-4
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Christophersen, Ansof Wyller: I Ansofs urtehage, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag AS, 1988. ISBN 82-05-17660-4
  • Das grosse Buch der Hildegard von Bingen, Köln, Naumann & Göbel Verlag. ISBN 978-3-625-11415-4
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs.M.: A Modern Herbal, Surrey, Merchant Book Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Høiland, Klaus: Naturens legenede planter, Oslo, A/S Hjemmet, 1978. ISBN 82-7001-535-0
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • McVicar, Jekka: Damms store bok om urter, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-04-09266-0
  • McVicar, Jekka: Den store boken om urter for kropp og sjel, Oslo, Hilt & Hansteen As, 2002. ISBN 82-7413-350-1
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter fortæller historie, Forlaget Kongsvang, 1997. ISBN 87-984854-8-2
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5978-1-4053-3238-5